Helsesekretær/Sekretær

Ålesund Søknadsfrist 23. november 2026 Deltid · Fast Helsefag
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Seksjonen Kontor Medisin Ålesund søkjer etter helsesekretærar/sekretærar som ønskjer å bidra til god samhandling og til eit godt arbeidsmiljø.

Vi har ledig 60 % og 40 % fast stilling. Dette er p.t. ved to ulike poliklinikkar.

Seksjonen vår sørvar seks ulike poliklinikkar, tre sengepostar og dokumentasjonssenter i Medisinsk avdeling. Ved behov frå drifta må ein kunne pårekne å måtte sørve andre stader internt i seksjonen enn der ein til dagleg arbeider. Vi har ein kultur for samarbeid og fleksibilitet, noko som er avgjerande for å lukkast saman, spesielt sidan vi ikkje sit samlokalisert. Vi har jamnlege personalmøter og samhandlar også mykje via ulike Teamskanalar og Helseplattformen.

Arbeidsoppgåver

  • Sekretæren si rolle består overordna av service, logistikk, kommunikasjon/formidling, koordinering og førefallende arbeid
  • Hovudsakleg dagleg elektronisk pasientadministrativt arbeid i Helseplattformen – som omfattar tilvising og ventelistearbeid, inbasket/oppgåvemeldingsarbeid, oppfølgingsarbeid, rapport- og arbeidslistearbeid, malarbeid og dokumentbehandling m.m.
  • Arbeidsoppgåver i skranke og telefon – vi har innført digital telefoni med call-back funksjon ved poliklinikkane våre
  • Tolkebestilling digitalt
  • Pasientreiser digitalt
  • Tett samhandling med andre faggrupper

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær
  • Gode datakunnskapar
  • Har du kjennskap til Helseplattformen så er det ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Personleg eignaheit vert vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og imøtekomande
  • Strukturert og ansvarsbevisst
  • Sjølvstendig og påliteleg
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Samarbeidsorientert og bidreg til et godt arbeidsmiljø
  • Lærevillig og positiv til endring

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Merete Røren, Seksjonsleiar, +47 70 10 50 00, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5195266917

Stillingsprosent: 60, 40%

Fast

Startdato: 01.01.2027

Søknadsfrist: 23.11.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen