Open søknad – psykisk helse og rus

Alver Søknadsfrist 31. desember 2026 Psykisk helse
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Open søknad – psykisk helse og rus Vi søkjer etter deg med engasjement for fagfeltet psykisk helse og rus!

Ønskjer du å vere ringjevikar i Alver kommune? Dersom du ynskjer å vera ringjevikar ved psykisk helse og rus i Alver kommune har me lyst å høyra frå deg! Som ringevikar kan me tilby vakter/arbeid ved fråvær grunna sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for mellombels arbeidskraft. Vi er spesielt interssert i søkjarar med helsefagleg bakgrunn eller studentar innan helsefag, men andre kan også søkje. For nokon stillingar må du ha førarkort. Tilkallingsvikarar har ikkje rett på å bli tilbudd arbeid eller plikt til å ta på seg tilbudd arbeid. Du må i tillegg følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som er lyst ut dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid og tenestestad. Dersom du ikkje høyrer noko etter å ha levert søknad sit me pris på om du tek kontakt med den aktuelle avdeling du kan tenkja deg å arbeida ved – det er alltid kjekt med ein hyggeleg telefonsamtale!

Aktuelle avdelingar Avdeling Manger – (RIB) og Hovden omsorgsbustad pluss – avdelingsleiar Marianne Ramsvik Rikstad Avdling Lindås – Krossleitet omsorgsbustad pluss og Storbruhaugen omsorgsbustad pluss – avdelingsleiar Marita Årseth Avdeling Knarvik – Røssvikdalen omsorgsbustad pluss og Einelia omsorgsbustad pluss – avdelingsleiar Martine Haugland

Kven er du? Du trivst med å arbeide med menneskjer og har engasjement for fagfeltet. Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. Du jobbar godt i team. Det vert lagt avgjerande vekt på personlege eignaheit oppimot målgruppa. Vi har behov for vikarar som kan arbeide: Medlevarturnus Langvaktturnus Nattevakter Kortvakter/dag-kveld

Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi tilbyr Gode pensjons- og forsikringsvilkår Løn etter gjeldande tariffavtale

Ingress

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen