Om stillingen
Open søknad – sjukeheimstenesta Vi søkjer etter deg som har engasjement for eldreomsorg!
Ønskjer du å vere ringjevikar i Alver kommune? Dersom du ynskjer å vera ringjevikar ved sjukeheimstenesta i Alver kommune har me lyst å høyra frå deg! Som ringevikar kan me tilby vakter/arbeid ved fråvær grunna sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for mellombels arbeidskraft. Me er spesielt interssert i søkjarar med helsefagleg bakgrunn eller studentar innan helsefag men andre kan også søkje. Tilkallingsvikarar har ikkje rett på å bli tilbudd arbeid eller plikt til å ta på seg tilbudd arbeid. Du må i tillegg følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som er lyst ut dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid og tenestestad. Dersom du ikkje høyrer noko etter å ha levert søknad sit me pris på om du tek kontakt med den aktuelle avdeling du kan tenkja deg å arbeida ved – det er alltid kjekt med ein hyggeleg telefonsamtale!
Aktuelle avdelingar Velferdssenteret, Manger Manger omsorgsbustad pluss Ostereidet omsorgsbustad pluss Nordgardstunet, Frekhaug Lerketunet, Frekhaug Solkroken, Frekhaug Lindås bu- og servicesenter Knarvik sjukeheim avdeling 1 Knarvik sjukeheim avdeling 2 Knarvik sjukeheim avdeling 3 Helsehuset, Knarvik Såta bu- og servicesenter, Knarvik Kjøkkentenesta
Kven er du? Du trivst med å arbeide med menneskjer og har engasjement for fagfeltet. Du er trygg i deg sjølv og i møte med andre. Du jobbar godt i team. Det vert lagt avgjerande vekt på personlege eignaheit oppimot målgruppa.
Vi tilbyr
Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune!
Velkomen til Alver kommune!
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.