Rektor

Ulvik Søknadsfrist 2. desember 2026 Skole og undervisning
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du vere med og løfte skulen vår?Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert rektorHar du eit sterkt engasjement for barn og unge? Er du ein tydeleg og trygg leiar som skaper tillit, engasjement og retning? Brenn du for læring, inkludering og gode fellesskap?Då kan du vere den nye rektoren vår!Skulen har om lag 125 elevar frå 1.–10. trinn. Me ønskjer å vere ein skule der alle elevar opplever tryggleik, tilhøyrsle, meistring og læringsglede.Me har ambisjonar for skulen vår! Framover vil me særleg styrkje arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljø og løfte elevane sine grunnleggjande ferdigheiter, med særleg vekt på lesing og rekning. Me søkjer ein rektor som kan samle medarbeidarane om ei felles retning og leie dette utviklingsarbeidet med engasjement og gjennomføringskraft.ArbeidsoppgåverSom rektor har du det overordna ansvaret for pedagogisk leiing, personalleiing og drift av skulen. Sentrale oppgåver er å:leie og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet og styrkje elevane sitt læringsutbytebruke elevresultat aktivt i skulen sitt utviklingsarbeidleie arbeidet med eit trygt og inkluderande skulemiljøvidareutvikle tilpassa opplæring, tidleg innsats og spesialpedagogisk tilretteleggingbyggje eit sterkt profesjonsfellesskap og utvikle medarbeidaranesikre godt samarbeid mellom skule, heim og lokalsamfunn Kvalifikasjonar og eigenskaparkrav om godkjend lærarutdanninghar leiarutdanning eller er villig å ta slik utdanninghar god pedagogisk forståing og kompetanse innan skuleutviklinghar forståing for spesialpedagogikk, tilpassa opplæring og sosialpedagogisk arbeidhar kunnskap om førebygging og utvikling av gode skulemiljø er ein trygg, tydeleg og relasjonsorientert leiarevnar å skape engasjement, felles retning og resultat gjennom andrehar gjennomføringsevne og mot til å leie utviklingsprosessar Erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, oppfølging av læringsresultat og skulemiljøarbeid vil bli vektlagd. Vi er også opne for søkjarar med solid pedagogisk kompetanse og gode leiareigenskapar som ønskjer å ta steget inn i ei leiarstilling.Me tilbyrei meiningsfull og spennande leiarstillinghøve til å påverke og setje retning for skulen si vidare utviklingein arbeidskvardag med nærleik til elevar, medarbeidarar og føresettegode moglegheiter for fagleg og personleg utviklingløn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverkVil du vere med og gjere ein forskjell?Me søkjer ein rektor som ser moglegheitene i skulen, har høge ambisjonar på elevane sine vegner og vil skape utvikling saman med medarbeidarane.Me gler oss til å høyre frå deg!

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen