Om stillingen
Om stillinga
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Stranda på Sunnmøre?
- Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
- Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
- Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
- Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?
Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved distriktstannklinikken Stranda
Vil du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt liv mellom fjord og fjell? I Stranda ventar store naturopplevingar, og friluftslivet byr på aktivitetar året rundt, med alt frå toppturar og fjellvandring til båtliv og frikøyring i eitt av Norges beste skisenter. Stor breidde i aktive lag og foreiningar gir rom for kultur og sosialt engasjement. Les meir om regionen og moglegheitene for eit aktivt liv mellom fjord og fjell: Visit Stranda: www.visitstranda.com
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- kjenner stoltheit for tannhelsefaget
- trivst med å jobbe med og for menneske
- jobbar effektivt og sjølvstendig
- har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljøJobbar effektivt og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter avtale
- Etableringstilskot og flyttetilskot
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.