Tilkallingsvikar- Barnehage

Osterøy Søknadsfrist 31. desember 2026 Barnehage
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Tilkallingsvikar- Barnehage Er du leiken og positiv og ønskjer å arbeide med barn?

Om stillinga

Vi tilbyr at du får bli ein del av eit godt arbeidsmiljø! du får opplæring og rettleiing i barnehagen du skal arbeide ein personleg og fagleg utviklande jobb. Barna er ulike og vi utviklar oss både personleg og fagleg for å møte deira behov løn etter gjeldande avtaleverk. Er du høgskulestudent i pedagogiske fag kan du få lønsauke etter fullført 2. året! du får ein variert arbeidsdag med mykje kjekke kollegaer! Sjå gjerne video frå Osterøy kommune her om du vil bli betre kjent med oss:

Kvalifikasjonskrav Me ser etter deg som først og fremst ikkje kvir deg for å møte ei utfordring og som raskt set deg inn i nye arbeidsoppgåver eller nye arbeidsmiljø. Vi ønskjer at du skal ta initiativ og vise engasjement i arbeidet ditt. Du bør snakke og forstå norsk godt då det er mykje sosialt arbeid. Du må leggje fram politiattest dersom du får tilbod om stilling hjå oss. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månadar, og den må vere heimla i barnehagelova §30. Vi ser at det er ein fordel om du har arbeida i barnehage eller med barn og unge før, men dette er absolutt ikkje eit krav. Hos oss er du velkomen til å prøve og du vil gå god støtte og hjelp av kollegaer uavhengig av bakgrunn.

Verkar dette interessant? Vi har både behov for vikarar som kan starte å arbeide snarast, men det vil og vere behov som gjerne oppstår etter ei tid. Om du ønskjer å arbeide mykje eller lite og i ein eller fleire barnehagar kan vi bli einige om utfrå kva behova er til dei ulike barnehagane. Ta gjerne kontakt med koordinator for vikarpoolen vår ved å søkje på denne utlysinga, fortel kven du er og kvifor du har lyst til å arbeide i barnehage, så avtalar de ein tid for samtale og vegen vidare.

Osterøy kommune – godt å leve, godt å bu

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen