Om stillingen
Tilkallingsvikar – Bu- og avlastingstenesta Vi søkjer pålitelege og engasjerte tilkallingsvikarar!
Bu- og avlastingstenesta
Arbeidsoppgåver Gje omsorg og personleg assistanse til brukarar i tråd med deira individuelle behov og planar Delta i aktivitetar og stimulere til sosialt samvær Bidra til ein tryg og hyggeleg kvardag i bu- eller avlastingssituasjon Samarbeide tett med kollegaer og pårørande for å sikre kontinuitet i omsorgen Dokumentere og rapportere viktige observasjonar og hendingar
Kvalifikasjonskrav Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen! Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå tenestemottakarane Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstidar Kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg Det kan vere ein fordel med førarkort klasse B
Vi tilbyr Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta Gode pensjons- og forsikringsordningar, for tida plasserte hjå KLP.
Anna informasjon Om du får tilbod om stillinga må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §5-4. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar. Alle søknadar skal registrerast digitalt gjennom JobbNorge. Behovet for vikarar er situasjonsstyrt og kan variere i både i tid og omfang. Me vil derfor ta kontakt med aktuelle søkjarar etter kvart som behovet dukkar opp. Ved spørsmål om arbeidsstad eller arbeidsoppgåver er du velkomen til å ta kontakt med ein våre avdelingsleiarar. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida. Du er sjølvsagt velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat om du berre ønskjer å vite meir om arbeidet før du eventuelt vel å registrere ein søknad!
Osterøy kommune – godt å leve, godt å bu!
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.