Byggdriftar/vaktmeister, i inntil 100% fast stilling 

Gulen Søknadsfrist 15. november 2026 Eiendomsdrift
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Byggdriftar/vaktmeister, i inntil 100% fast stilling Bli med på laget til Gulen kommune! Vi byr på eit godt arbeidsmiljø og spanande oppgåver med samfunnsnytte

Om stillinga Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som byggdriftar/vaktmeister, med oppstart snarast/etter avtale. Stillinga ligg til eining eigedomsforvaltning, kor me har 22,6 årsverk som hovudsakleg jobbar med bygg/eigedomsforvaltning, reinhaldsteneste, veg/samferdsel, vatn og avløp, samt prosjekt/byggeleiing innanfor fagfelta. Stillinga har oppmøtestad ved Dalsøyra skule, men heile kommunen kan vere arbeidsområde gjennom dagen. Me ser etter ein dyktig byggdrifter/vaktmeister som trivast med fysiske arbeidsoppgåver, samt samarbeidar godt i lag med fleire, er løysingsorientert i oppgåvehandtering, pliktoppfyllande og som vert motivert av å jobbe med driftsoppgåve med eit samfunnsnyttig føremål. Dersom du har interesse for fagleg utvikling innanfor ditt felt og ynskjer å drifte våre anlegg med god kvalitet, ynskjer me å høyre frå deg.

Arbeidsoppgåver Drift- og vedlikehaldsoppgåver i hovudsak på kommunale bygg og uteområde Driftsoppgåver på andre fagområder på eininga kan vere aktuelt å delta på Utføre eigne vedlikehaldsoppgåver, samt ha dialog med eksterne firma Internkontrollar og avviksrapportering/utbetringar Bruke driftssystem som SD-anlegg og FDV-system Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar Fagbrev innanfor relevant fagområde (byggdriftar, røyrleggar, tømrar, elektro, mekanisk, anleggsgartnar o.l.) Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning Ynskjeleg med relevant arbeidserfaring frå arbeidslivet Har grunnleggande datakunnskapar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Krav om førarkort kl B Det vert stilt krav om gyldig politiattest av den som får tilbod om denne stillinga

Personlege eigenskapar

Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest Det er gode forsikrings- og pensjonsordningar i kommunen

om oss

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen