Heimetenesta tilkallingsvikar 2026

Osterøy Søknadsfrist 31. desember 2026 Pleie og omsorg
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Heimetenesta tilkallingsvikar 2026

Om stillinga

Arbeidsoppgåver Omsorg til menneske i deira eigen heim Bidra til å styrke brukarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi) Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler. Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukars heilskaplege tilstand Samarbeid med pårørande Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar

Kvalifikasjonskrav Erfaring frå omsorgs- eller helsefagleg arbeid er ein fordel men det er ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt på arbeidsplassen Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit og tryggleik hjå brukarane våre Evne til å arbeide sjølvstendig og i team og samstundes vere fleksibel med omsyn til arbeidstider Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B1 test i norsk. For sjukepleiarar gjeld krav om bestått B2 test Krav om førarkort klasse B i Heimetenesta, ikkje ved Hauge Omsorgsbustad

Vi tilbyr Ein meiningsfull og givande jobb med moglegheit til å gjere ein skilnad i menneskers liv Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta Gode pensjons- og forsikringsordningar, for tida plasserte hjå KLP

Spørsmål om stillinga Om du får tilbod om stillinga må du leggje fram gyldig politiattest som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova §5-4. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månader. Alle søknadar skal registrerast digitalt gjennom JobbNorge. Behovet for vikarar er situasjonsstyrt og kan variere i både i tid og omfang. Me vil derfor ta kontakt med aktuelle søkjarar etter kvart som behovet dukkar opp. Ved spørsmål om arbeidsstad eller arbeidsoppgåver er du velkomen til å ta kontakt med ein våre avdelingsleiarar. Kontaktinformasjon finn du nederst på denne sida. Du er sjølvsagt velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat om du berre ønskjer å vite meir om arbeidet før du eventuelt vel å registrere ein søknad!

Heimetenesta

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen