Generelle søknadar – Oppvekst

Hjelmeland Søknadsfrist 31. desember 2026 Barnehage
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Sjølv om det ikkje alltid er ledige stillingar i Hjelmeland kommune er me alltid på utkikk etter dyktige medarbeidarar, og fleire avdelingar har ofte behov for tilkallingsvikarar. Ønskjer du å dele din kompetanse innan oppvekst? Då set me pris på om du vil legga inn din CV i vår database ved å søkje på denne utlysinga. Din CV vil bli oppbevart i vår database i 6 månader. Tilsetjing på kommunale vilkår.

Alle ledige stillingar finn du her på heimesida vår. Du må søkje på dei stillingane som er lyst ut for å kome med i betraktning til ledige stillingar.

Kontaktpersonar innan oppvekst

  • Hjelmeland barnehage: Silje Håvarstein
  • Årdal barnehage: Siri Vestersjø
  • Fister barnehage: Siv Iren Hausken Moen
  • Jøsenfjorden barnehage: Ruth Nina Fiskå Rypestøl
  • Hjelmeland skule: Harald Ommundsen
  • Årdal skule: Frank Bjørkhaug
  • Fister skule: Rune Bøe
  • Kulturskulen: Hans Widerøe

Politiattest

Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess

Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ein ledig stilling her. Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønsker allikevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Ønsker du å verte betre kjent med oss besøk vår heimeside eller følg oss på Facebook.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen