Tilkallingsvikar kantinemedarbeider 

Møre og Romsdal Søknadsfrist 31. desember 2026 Kjøkken
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Tilkallingsvikar assistentar i skule, kantine og internat.

Som tilkallingsvikar vil du bli ein viktig ressurs når det er behov for ekstra hjelp ved sjukefråvær, ferieavvikling eller i travle periodar. Du får varierte arbeidsoppgåver og jobbar tett saman med eit hyggeleg og inkluderande team.

Arbeidsoppgåver:

  • tilberedning av enkle varme og kalde matrettar
  • servering og kundebehandling
  • betjening av kasse og varepåfylling
  • rydding, oppvask og reinhald av kantineområdet
  • sikre gode hygienerutinar i tråd med gjeldande regelverk

Kvalifikasjonar

  • erfaring frå kantine, kjøkken eller servicearbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
  • du er serviceinnstilt og trivs med å jobbe med menneske
  • god hygiene og evne til å jobbe strukturert
  • kan ta vakter på kort varsel
  • gode norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som: -er positiv, fleksibel og påliteleg

  • jobbar godt både sjølvstendig og i team
  • møter elevar, tilsette og gjester med eit smil
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

– hyggeleg arbeidsmiljø

– varierte arbeidsoppgåver

– opplæring blir gitt

– arbeidstider etter behov

Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som blir tilsett må levere gyldig politiattest.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen