Sommarvikariat – cand.med/ medisinstudent med lisens

Stad Søknadsfrist 8. januar 2027 Heltid · Vikariat Lege og medisin
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer LIS1-ferievikarar i perioden 21.06.2027 – 15.08.2027.

Som ferievikar ved medisinsk sengepost får du brei erfaring innan indremedisin og akuttmedisin. Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø og får arbeide tett saman med erfarne overlegar og LIS-legar.

Nordfjord sjukehus er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har 5 faste overlegar, 6 LIS1, 1 cand.med/ALIS i ordnær drift.

Medisinsk sengepost dekkjer den medisinske akuttfunksjonen for pasientar i Nordfjordregionen i samarbeid med dei andre sjukehusa i Helse Førde. Seksjonen har ein sengepost med 16 senger, derav 3 observasjonssenger.

Arbeidsoppgåver

  • Cand.med. har varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengeposten

Kvalifikasjonar

  • Utdanna lege, klar for LIS1 teneste (cand.medisin)
  • Medisinstudent med lisens kan også blir vurdert for stillinga
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå sjukehus vil vere ein fordel
  • Erfaring med DIPS Arena og MEONA vil vere ein fordel
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
  • Vere nysgjerrig på ny kunnskap og ha pasienten i fokus
  • Tåle tidvis høgt arbeidstempo

Vi tilbyr

  • Utviklande arbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Varierte medisinskfaglege problemstillingar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp med å skaffe bustad

#sommarjobb #sommarjobbnordfjord

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, (+47) 932 90 198

Arbeidssted

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5208438410

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 21.06.2027

Sluttdato: 15.08.2027

Søknadsfrist: 08.01.2027

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen