Om stillingen
Vil du setje retning og bidra med å utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg assisterande rektor til Åsane vidaregåande skule. Assisterande rektor må ha evne og vilje til å bidra til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.Det er forventa at assisterande rektor er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.
Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigarSikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging Bidra til å vidareutvikle leiargruppa som eit samla og effektivt team Bidra i å leie strategi- og utviklingsprosessar Bidra i å leie skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling Personalleiing Utvikle samhandling med rettleiingstenesta Ivareta medverknad mot arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar Økonomistyring
Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 17-2. Leiing Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg og tar del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda. Det er ønskjeleg at du: har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanningset elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utviklingvidareutviklar godt arbeidsmiljø og ytringsklima for tillit og samhandlinghar god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaringmarkerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne forståing for god økonomistyring
Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er:open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit har evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram løn etter avtale fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom rektorane og avdelingsdirektøren for opplæring og kompetanse. Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.