Om stillingen
Driftsoperatør Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga har ansvar for å ta vare på fylkeskommunen si byggherrefunksjon, og for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Den samla eigedomsmassen utgjer om lag 800 000 m², og omfatter vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivknutepunkt, kulturbygg og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt om lag 400 tilsette. Av desse er om lag 40 tilsette ved kontoret i Bergen.Det er ledig ei fast 100 % stilling som driftsoperatør ved Sandsli vgs. Sandsli videregående skole ligg sentralt på Sandsli i Bergen og har om lag 700 elevar og kandidatar, inkludert vaksenopplæring, samt rundt 80 tilsette. Skolen arbeider aktivt for å vere ein open møteplass for både elevar og nærmiljø. Sandsli-området er i sterk vekst, med stor tilflytting og venta betydeleg folkeauke i åra som kjem. Skoleanlegget omfattar om lag 8 600 kvadratmeter bygningsmasse og 11 000 kvadratmeter uteareal. Driftsoperatøren vil rapportere til områdeleiar. Den som vert tilsett vil få opplæring i drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg. Det er krav om godkjent politiattest. Arbeidsoppgåver Drift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og utomhusanlegg Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt Vera byggeigar sin representant på bygget ved innkjøpte tenester tinga av Eigedomsseksjonen Utføre mindre serviceoppgåver opp mot bruker etter retningslinjer gitt frå Eigedomsavdelinga Ansvarleg for at bygget tilfredsstiller krava i offentlege lover og fo…
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.