Om stillingen
Om stillinga
Har du lyst til å undervise ved ein av dei største og mest moderne vidaregåande skulane i fylket?
Ønskjer du å vere ein del av eit engasjert fagmiljø som samarbeider tett for å gi elevane meistring og motivasjon for å bli yrkesklar?
Då kan du vere den læraren vi ser etter.
Borgund vidaregåande skole har ledig 100 % fast stilling som faglærar i Restaurant- og matfag frå 01.03.27, eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Som lærar i Restaurant- og matfag vil du:
Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med læreplanane Vurdere elevar sitt arbeid og gi tilbakemeldingar som fremjar læring og utvikling Samarbeide med arbeidslivet og følgje opp elevar i praksis Bidra i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid Vere ein aktiv del av eit lærarkollegium som legg vekt på samarbeid og deling av erfaringar
Kvalifikasjonar
Har undervisningskompetanse innan Restaurant- og matfag Har fagbrev innan eitt eller fleire av matfaga Har god digital kompetanse og kan nytte IKT som ein naturleg del av undervisninga Relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning (PPU-Y, Yrkesfaglærarutdanning (YFL) eller tilsvarande) er ein føresetnad for fast tilsetjing. Dersom ingen søkjarar oppfyller krava for tilsetting, kan andre tilsetjast mellombels på vilkår om å fullføre nødvendig utdanning.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer ein medarbeider som:
Har gode samarbeidsevner og trivst med å lære saman med andre Byggjer gode relasjonar til elevar og kollegaer Ser og følgjer opp den enkelte elev Trivst i arbeid med ungdom Er tålmodig, positiv og raus Er engasjert i faget sitt og ønskjer å bidra til eit godt læringsmiljø
Vi tilbyr
Eit sterkt og inkluderande fagmiljø Moderne fasilitetar og godt utstyrte undervisningslokale Engasjerte kollegaer og tett samarbeid i avdelinga Moglegheiter for fagleg utvikling Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du kan vere med på å forme framtida til ungdomane våre Gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.Bli med og inspirer morgondagens fagarbeidarar i restaurant- og matbransjen!
Anna: Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss. Den som blir tilsett må levere politiattest.
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.
