Barne- og ungdomsarbeider

Klepp Søknadsfrist 29. november 2026 Heltid · Fast Barnehage
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du vere med og skape gode dagar for barn?

Fagteamet i barnehagane i Klepp kommune søkjer fagarbeidarar med oppstart snarast mogleg. Fagteamet arbeider for at barn med behov for ekstra støtte skal få gode, trygge og utviklande dagar i barnehagen. Gjennom spesialpedagogiske tiltak og andre nødvendige støttetiltak følgjer vi opp mål som er fastsette i sakkunnige vurderingar og vedtak. Vi er opptekne av å sjå det enkelte barnet sine ressursar og moglegheiter, og arbeider kvar dag for å skape gode opplevingar, meistring og tilhøyrsle i fellesskapet. Som tilsett i fagteamet får du vere med på eit viktig arbeid som kan gjere ein stor forskjell i barn sine liv.Vi ser etter deg som har eit stort hjarte for barn og som ønskjer å bidra til at barn får oppleve tryggleik, meistring og utvikling i kvardagen.

Hos oss får du arbeide tett på barna i kommunale og private barnehagar i Klepp kommune. Vi er opptekne av nærvær, relasjonar og tidleg innsats, og vi ønskjer medarbeidarar som trivst i direkte arbeid med barn.

Som fagarbeidar i fagteamet vil du vere ein viktig støttespelar for barn som treng litt ekstra oppfølging for å få best mogleg utvikling og deltaking i barnehagekvardagen.

Arbeidsoppgåver

  • Direkte arbeid med barn individuelt og i grupper
  • Bidra til å skape trygge, gode og inkluderande miljø for barn
  • Delta i gjennomføring av tiltak kring barn med særskilde behov
  • Støtte barna i leik, læring og sosial utvikling
  • Samarbeide tett med føresette og tilsette i barnehagane, og med tilsette og leiarteamet i Fagteamet.
  • Bidra til at barna opplever meistring og fellesskap i kvardagen

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Vidareutdanning innan spesialpedagogikk er ønskjeleg
  • Anna relevant vidareutdanning eller erfaring frå arbeid med barn vil bli vektlagt
  • Erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov er ein fordel
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram politiattest, jf. barnehagelova § 19. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.
  • Førarkort klasse B
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer oss ein kollega som
  • Møter barn med varme, omsorg og respekt
  • Er til stades og byggjer trygge relasjonar
  • Ser moglegheiter og ressursar hos kvart enkelt barn
  • Samarbeider godt med både føresette og kollegaer
  • Er positiv, engasjert og fleksibel
  • Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og eit sterkt fagleg fellesskap
  • Har ei helse som er foreneleg med det å arbeida i barnehage.

Vi tilbyr

  • Hos oss får du
  • Eit viktig og meiningsfylt arbeid med barn
  • Moglegheit til å gjere ein forskjell kvar dag
  • Eit varmt, inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • Samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer
  • Varierte arbeidsdagar med høg grad av nærvær i arbeidet med barna
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Klepp kommune
  • Tett oppfølgjing frå leiarteamet i Fagteamet.

Kontaktinformasjon

Trine Vika Tengesdal, Styrar, +47 93021953

Arbeidsstad

Engrappstubben 1

4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5209106548

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.11.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen