Sunde skule har ledig stilling for

Sunnfjord Søknadsfrist 29. november 2026 Deltid · Vikariat Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Sunde skule er ein barneskule i Sunnfjord kommune med om lag 150 elevar. Vi arbeider for å skape eit trygt, inkluderande og læringsfremjande miljø der alle elevar opplever meistring, utvikling og tilhøyrsle. Tilsette ved skulen samarbeider tett for å gi elevane ein trygg, god og meiningsfull skulekvardag.

Vi har ledig:

  • 100 % vikariat for fagarbeidar eller assistent frå 01.01.2027 – 31.07.2027

Stillinga følger skuleåret. Lønsprosenten vert 89 %.

Om stillinga:

Vi søkjer ein engasjert medarbeidar til arbeid i skule og SFO. Stillinga inneber tett oppfølging av elevar med særskilde behov, mellom anna elevar med autismespekterforstyrring (ASF).

Arbeidsoppgåvene omfattar:

  • dagleg oppfølging og støtte til elevar i undervisning og friminutt
  • bidra til tryggleik, meistring og sosial utvikling
  • støtte elevane i kommunikasjon og samhandling med andre
  • samarbeid med lærarar, føresette og andre fagpersonar
  • deltaking i SFO-tilbodet

Vi ser etter deg som trivst med å arbeide tett på enkeltelevar og bidra til tryggleik, kommunikasjon, meistring og utvikling i skule og SFO.

Kvalifikasjonar:

  • barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar og andre med interesse for faget
  • god munnleg og skriftleg framstillingevne på norsk
  • godkjent politiattest av ny dato må leggjast fram før tiltreding
  • har god fysisk form som gjer deg i stand til å følgje opp elevane gjennom ein aktiv skulekvardag

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring frå arbeid med elvar med autismespekterforstyrring (ASF)
  • erfaring med alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
  • erfaring frå arbeid i skule, SFO eller liknande verksemd

Vi søker deg som:

  • har interesse for og motivasjon til å arbeide med elevar med særskilde behov
  • møter utfordrande situasjonar på ein roleg, trygg og profesjonell måte
  • har gode samarbeidsevner og samtidig arbeider sjølvstendig og strukturert
  • er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
  • bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø
  • meiningsfulle arbeidsoppgåver der du kan gjere ein forskjell for elevane
  • samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer
  • løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

Link til søknadsskjema: Søk her

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen