Ringevikar – Uskedalen barnehage

Kvinnherad Søknadsfrist 30. november 2026 Barnehage
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Omtale av stillinga

Her i Uskedalen barnehage har vi behov for fleire tilkallingsvikarar ved sjukdom, ferie og anna fråvær.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som ønskjer å arbeide saman med barn og bidra til gode dagar i barnehagen. Kanskje er du arbeidssøkande, student, tek eit friår før vidare studiar, er heimeverande eller har ei deltidsstilling og ønskjer meir arbeid i kvardagen.

Vi ønskjer spesielt deg som er god på relasjonar, som møter både barn og vaksne med varme, respekt og interesse. Du er glad i å vere ute og trivst med ein aktiv kvardag i all slags vêr.

Arbeidsmengda vil variere gjennom året. I periodar kan det vere behov for mykje hjelp, medan det i andre periodar vil vere mindre arbeid.

Vi ønskjer at du:

  • Er glad i barn og oppteken av å skape gode relasjonar
  • Er positiv, omsorgsfull og ansvarsbevisst
  • Er glad i å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar
  • Er fleksibel og kan stille på kort varsel når det er behov
  • Bidreg til eit trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og støttande kollegaer
  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • Moglegheit til å få erfaring frå arbeid med barn
  • Verdifull erfaring for deg som vurderer utdanning eller arbeid innan oppvekst, pedagogikk eller helse
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP

Høyrest dette interessant ut? Då håpar vi å høyre frå deg! ????

Gyldig politiattest må framleggjast før oppstart.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen