Heimehjelp/pleieassistent – 85 % fast

Søknadsfrist 23. november 2026 Pleie og omsorg
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du bidra til at eldre menneske kan bu trygt og godt i eigen heim? Me søkjer ein omsorgsfull og påliteleg medarbeidar til heimetenesta på Rauland. Som heimehjelp er du med på å skape tryggleik, trivsel og meistring i kvardagen for eldre innbyggjarar i kommunen. Me har ledig tilling som heimehjelp i 70% ute i heimane og pleieassistent kvar tredje helg inne på omsorgssenteret. Her vil du få ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag. Heimetenesta på Rauland yter helse- og omsorgstenester til innbyggjarar som bur i eigne heimar og omsorgsbustader, samt til bebuarar ved omsorgssenteret med inntil 15 plassar. Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen.Stillinga inngår i årsturnus.Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid. Arbeidsoppgåver Reinhald av private bustader på Rauland, og bebuarrom på Omsorgssenteret Pleie- og omsorgsoppgåver for bebuarane på Omsorgssenteret Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartn…

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen