100% stilling sjukepleiar, vernepleiar eller sosionom. Vidareutdanning i rus og psykisk helse er eit krav.

Søknadsfrist 30. oktober 2026 Helse og omsorg
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om oss: Vågå kommune jobbar aktivt for å oppfylle dei nasjonale måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023–2033). Vi skal bidra til at fleire opplev god psykisk helse og livskvalitet, og at innbyggjarane får lett og likeverdig tilgang til hjelp. Arbeidet vårt er forankra i tre hovudområde: helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid gode og tilgjengelege tenester der folk bur styrka tilbod til personar med langvarige og samansette behov Vi legg stor vekt på brukar medverknad, heilskaplege tenester og tverrfagleg samarbeid.

Framover vil vi fortsette arbeidet med å utvikle det regionale samarbeidet innan rus og psykisk helse, og vi vil aktivt ta i bruk kunnskapsbaserte digitale verktøy i våre tilbod. Hjå oss blir du ein del av eit fagmiljø som set meistring, livskvalitet og inkludering i sentrum. Vi er eit engasjert kollegium med variert bakgrunn og utdanning, som jobbar med menneske som har utfordringar knytt til rus, psykisk helse og/eller livsmeistring.

Arbeidsoppgåver: Heilskapleg oppfølging av pasientar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar Kartlegging Behandling i tråd med oppgåvene til 1. linetenesta Utarbeiding og oppfølging av individuelle behandlingsplanar Tverrfagleg samarbeid med fastlege, heimeteneste, NAV og eksterne aktørar som t.d. DPS Rettleiing og støtte til pasientar og pårørande Deltaking i gruppetilbod som tur og trening, samt bidra i drift og utvikling av tenesta sitt dagsenter «HUSET» Deltaking og oppgåver knytt til kommunens psykososiale kriseteam Kvalifikasjonar: Autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller sosionom…

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen