Om stillingen
Vi har ledig følgjande stillingar:
80% – 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar fram til sommaren 2027. Stillinga er lagt til Vikedalen barnehage.
70% engasjement som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.12.26, med utviding til 100% frå 01.01.27 og ut barnehageåret 26/27. Stillinga er lagt til Ullavik barnehage
100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.01.27 og ut februar, med mulig forlenging ut barnehageåret 26/27. Stillinga er lagt til Ullavik barnehage.
Det kan og kome andre vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i tillegg til dette.
Dei kommunale barnehagane i Sykkylven er organisert i ei eining, fordelt på tre barnehagar. Dette er Blakstad Naturbarnehage (1 avd.), Ullavik barnehage (4 avd.) og Vikedalen barnehage (4 avd.). Våre felles satsingsområde er Relasjonskompetanse, Språk, Systemarbeid, Friluftsliv og Solid Start Sykkylven. Med dette som bakgrunn har Vikedalen bhg valgt å spisse sitt fokus mot uteliv og relasjonskompetanse, medan Ullvika barnehage har eit spissa fokus på språkutvikling og nærmiljøet.
Meir informasjon om barnehagane finn de på Sykkylven kommune si heimeside – https://www.sykkylven.kommune.no/tenester/barnehage/kommunale-barnehagar/ Vi oppfordrar menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
Fagarbeidar skal arbeide i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, inkl. Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagar samt andre kommunale vedtak og bestemmingar som har betydning for barnehagen si drift. Fagarbeidar må sjå på barnehagen som ein heilskap og ha omsorg for alle barn. Dette betyr mellom anna;
- Ha medansvar for å legge til rette for barna sin leik, læring og utvikling. Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god vaksenmodell.
- Ha medansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det praktiske og pedagogiske arbeidet på avdelinga.
- Delta aktivt i systematisk og jamnleg rettleiing i arbeidet.
- Medansvar for å skape eit nært samarbeid mellom heim og barnehage.
- Bruke og vidareutvikle eigen fagkompetanse.
- Bidra til eit godt samarbeid og bidra til eit godt psykososialt arbeidsmiljø i barnehagen.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant utdanning (ufaglærte med realkompetanse kan også vere aktuelle for stillinga)
- God i norsk munnleg, minimum nivå B2
- Praksis frå barnehage er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er ein person som er glad i å vere ute i all slags vér, og som kan inspirere andre til det same
- Du er ein person som er genuint interessert, og trivest i arbeidet med barn
- Du er ein person som er aktiv, undrande og utforskande i samspel med barn og vaksne
- Du er ein person som har evner til å setje seg inn i, og bli ein aktiv medspelar i dei prosjekt som er etablerte i barnehagen
- Du er ein person som har evne og vilje til utvikling, både for eigen del og i høve til barnehagen som organisasjon Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing i samsvar med offentleg avtaleverk
- Gratis parkering
Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
- Kontaktinformasjon
- Randi Ludviksen Hole, Styrar Ullavik bhg, +4795294767, [email protected]
- Steinar Klokk, Einingsleiar, 95972727, [email protected]
- Arbeidsstad
- Ullaviklia 23
- 6230 Sykkylven
- Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
- Referansenr.: 5201237416
- Stillingsprosent: 100%
- Vikar
- Startdato: 01.12.2026
- Sluttdato: 08.08.2027
- Søknadsfrist: 05.11.2026
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.