Assistent/ Fagarbeidar

Bergen Søknadsfrist 31. desember 2026 Heltid Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift-teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og – produkt til føretaket.

Hospitaldrift har 7 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Tekstilforsyning er ei av einingane og har som oppgåve å forsyne Helse Bergen med tekstilar for pasitentar og tilsette på dei ulike avdelingane i sjukehuset som nyttar tekstilar i sitt arbeid. Eininga har om lag 60 tilsette.

Sjukehusvaskeriet vaskar om lag 13 tonn tekstilar kvar arbeidsdag, 5 dagar i veka. Vi held til i eige bygg på hovudområdet til Haukeland universitetssjukehus. Vi vaskar primært for Helse Bergen, men har i tillegg produksjon for nokre eksterne kundar.

Produksjonstida varierer innanfor tidsrommet frå kl 07.00 til 17.00, måndag til fredag.

Vi søker etter assistent/ fagarbeidar og har ledig 100% faste stillingar.

Søknad på anna språk enn norsk vil ikkje bli vurdert.

Arbeidsoppgåver

  • Du må kunne utføre fysisk krevande produksjonsarbeid som inneber ståande arbeid, gjentakande rørsler, løft og handtering av tekstilar i eit tidvis høgt arbeidstempo

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med arbeid i eit miljø med høgt tempo og krav til effektivitet og kvalitet
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk munnleg for å sikre god samhandling, tryggleik og forståing av arbeidsinstruksar
  • Relevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, ærleg og lojal
  • Du har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team
  • Du er serviceinnstilt
  • Du likar å jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø
  • Du er opptatt av et godt arbeidsmiljø og bidrar aktivt og positivt i arbeidskvardagen

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Godt arbeidsmiljø og teamarbeid
  • Tekstilforsyning er ein kritisk støttefunksjon som er heilt avgjerande for smittevern, pasienttryggleik og effektiv sjukehusdrift

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen