Assistent, vikariat i 100% stilling

Stranda Søknadsfrist 26. november 2026 Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Ringstad og Helstad barnehage vart i 2024 slått saman til ei kommunal eining, Det er fortsatt to kommunale barnehagar som har felles leiing. Ringstad barnehage er lokalisert like ved Stranda ungdomsskule og Helstad barnehage ligg i Strandadalen like ved Svemorka industriområde.

Ringstad barnehage har i dag 60 plassar, fordelt på 3 avdelingar. Ei småbarnsavdeling med 24 plassar (12 barn) og to avdelingar med 18 plassar på kvar. Ringstad barnehage har eit stort og variert uteområde som gir barna gode muligheiter til å utfolde seg fysisk. I tillegg til det store uteområdet disponerer barnehagen eit skogsområde med gapahuk og bålplass, samt at vi har tilgang til ei stor grusbane som er fin å bruke til ulike arrangement. Barnehagen er open måndag- fredag frå kl. 06.40 til 16.15.

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale, herunder 6 mnd prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjarene har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf Offentleglova § 25.

Vi har ledig vikariat i 100% stilling som assistent frå 01.01.2027 – 31.07.2027

Kvalifikasjonar

  • Gode norsk kunnskaper. Krav om bestått nivå A2 og B1 i lese, lytte og munnleg kommunikasjon.
  • Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Trygg og omsorgsfull
  • Fleksibel og gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig, robust og tek initiativ
  • Positiv og engasjert
  • Flink til å kommunisere med små og store
  • Har helse som er forenlig med ein aktiv og stabil barnehagekvardag
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Lønn etter tariff
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen