Assistentar 15% helgestilling

Bergen Søknadsfrist 30. november 2026 Deltid · Fast Pleie og omsorg
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Akuttgeriatri og infeksjon ønsker å tilsette sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og medisinstudentar. Vi ønsker å bidra til å bygge di kunnskap og kompetanse ved at du blir fast tilsett på ein sengepost, samtidig som du ved behov også kan arbeide på andre postar.

Vi har behov for assistentar frå januar/februrar og lyser ut tre faste helgestillingar på 15% med arbeid kvar tredje helg for deg som har pleieerfaring.

Vi kan tilby opplæring og kompetanseutvikling innan det indremedisinske fagfeltet. Gjennom arbeid på ein av våre sengepostar vil du få moglegheit til å utvikle deg fagleg og tileigne deg kunnskap som kan vere nyttig vidare i arbeid ved klinikken.

Arbeidsoppgåver

  • Gi god omsorg for pasient og pårørande
  • Stell og pleie , samt overvaking av pasientar
  • Matservering
  • Skylleromsarbeid
  • Fastvakt
  • Målinger (NEWS), 4AT, CFS, Trygg pleie etc.

Kvalifikasjonar

  • Meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha relevant praksis frå helsesektoren, og gjerne sjukehuserfaring
  • Kunnskap om Medisinsk teknisk utstyr og IKT system (Dips og Meona)
  • Under helsefagleg utdanning

Personlege eigenskapar

  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristin Fjæreide Myhre, Seksjonsleiar, 55971533, [email protected]

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5208834505

Stillingsprosent: 15%

Fast

Søknadsfrist: 30.11.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen