Assisterende rektor

Bergen Søknadsfrist 29. november 2026 Heltid · Fast Skole og undervisning
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du setje retning og bidra med å utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?

Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg assisterande rektor til Åsane vidaregåande skule. Assisterande rektor må ha evne og vilje til å bidra til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.

Det er forventa at assisterande rektor er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
  • Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
  • Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
  • Bidra til å vidareutvikle leiargruppa som eit samla og effektivt team
  • Bidra i å leie strategi- og utviklingsprosessar
  • Bidra i å leie skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
  • Personalleiing
  • Utvikle samhandling med rettleiingstenesta
  • Ivareta medverknad mot arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar
  • Økonomistyring

Kvalifikasjonar (overskrift)

Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 17-2. Leiing Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg og tar del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda.

Det er ønskjeleg at du:

  • har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning
  • set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
  • byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
  • vidareutviklar godt arbeidsmiljø og ytringsklima for tillit og samhandling
  • har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
  • markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv
  • opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak
  • har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
  • forståing for god økonomistyring

Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er:

  • open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit
  • har evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
  • har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande
  • har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
  • givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
  • deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram
  • løn etter avtale fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom rektorane og avdelingsdirektøren for opplæring og kompetanse.

Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.

Kontaktinformasjon

Jens-Petter Storheim, rektor , 90187612

Arbeidsstad

Åsane senter 52

5116 Ulset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5208947817

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.11.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen