Avdelingsleder teknologi- og industrifag/elektro og datateknologi

Bergen Søknadsfrist 29. november 2026 Heltid · Fast Avdelingsledelse
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du setje retning og bidra med å utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?

Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg avdelingsleiar til Åsane videregående skule. Avdelingsleiar må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa innan avdeling for teknologi- og industrifag og elektro og datateknologi. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.

Det er forventa at avdelingsleiar er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.

Den som vert tilsett har ein fagleg bakgrunn innan elektrofag eller teknologifag.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med å utvikle skulen og avdelinga i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
  • Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
  • Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
  • Bidra til å vidareutvikle leiargruppa som eit samla og effektivt team
  • Leie strategi- og utviklingsprosessar i avdelinga
  • Leie avdelinga sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
  • Personalleiing
  • Ivareta medverknad mot arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar
  • Økonomistyring

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 17-2. Leiing Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg.

Det er ønskjeleg at du:

  • har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning
  • set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
  • byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
  • vidareutviklar godt arbeidsmiljø og ytringsklima for tillit og samhandling
  • har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring
  • markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv
  • opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak
  • har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
  • forståing for god økonomistyring
  • har ein fagleg bakgrunn innan elektrofag eller teknologifag.

Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.

Personlege eigenskapar

Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er:

  • open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit
  • har evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar
  • har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande
  • har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert

Vi tilbyr

  • givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
  • deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram
  • løn etter avtale fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging.

Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.

Kontaktinformasjon

Jens-Petter Storheim, rektor , 90187612

Kerstin Solveig Karlsen, ass. rektor , 47848147

Arbeidsstad

Åsane senter 52

5116 Ulset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5208929597

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.11.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen