Om stillingen
Brenn du for menneske, fag og utvikling? Ved avdeling for personar med funksjonsnedsetting arbeider me kvar dag for at menneske med ulike funksjonsnedsettingar og bistandsbehov skal kunne leve aktive, sjølvstendige og meiningsfulle liv. Avdelinga omfattar Svingen bufellesskap og avlastingstilbod for barn og unge på Reini, og tilbyr heildøgnstenester med fokus på meistring, deltaking, inkludering og sjølvråderett. No søkjer me ein engasjert og relasjonell leiar som vil vere med og vidareutvikle tenestane våre.
Me ser etter deg som kombinerer varme med tydeleg leiarskap, og som motiverast av å utvikle både menneske, fag og organisasjon. Du byggjer tillit, skapar engasjement og legg til rette for læring, samarbeid og utvikling i kvardagen. Som avdelingsleiar får du ansvar for eit tverrfagleg fagmiljø, med om lag 40 medarbeidarar. Vernepleiarar, sjukepleiarar, pedagogar, helsefagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å gi gode og heilskaplege tenester til brukarane våre.
Me trur dei beste løysingane blir skapt gjennom samarbeid, ulike perspektiv og eit arbeidsmiljø prega av respekt, openheit og felles ansvar. Hos oss er mentor for nytilsett helsepersonell innført som ei fast ordning. Gjennom programmet legg me til rette for ein trygg start, og fagleg utvikling og meistring i arbeidskvardagen. Som avdelingsleiar vil du vere med på å støtte opp om og vidareutvikle denne satsinga. Avdelinga vår er ein del av verksemda Miljøterapi og helsetenester, og du vil inngå i verksemda sitt leiarteam.
Du får god støtte frå verksemdsleiar, fagressursar og administrative støttefunksjona…
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.