Om stillingen
Om stillinga
Dette er andre gongs utlysing av stillinga som barnehagelærar ved Fyresdal barnehage. Vi ønskjer å nå ut til fleire aktuelle kandidatar og håpar å finne ein engasjert og fagleg dyktig barnehagelærar som vil bli ein del av vårt arbeidsmiljø.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande i søknadsperioden.
Fyresdal barnehage søkjer ein engasjert barnehagelærar i inntil 100 %. Tiltreding så snart som mogleg. Vi ser etter ein engasjert og fagleg sterk barnehagelærar som brenn for barns utvikling, leik, læring og trivsel. Hos oss får du høve til å bruke og vidareutvikle kompetansen din i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø, der vi saman arbeider for å skape ein trygg, god og utviklande barnehagekvardag for alle barn. Fyresdal barnehage er ein barnehage i utvikling, med fokus på kvalitet, fagleg refleksjon og eit godt psykososialt barnehagemiljø. Vi legg vekt på gode relasjonar, trygge vaksne og eit inkluderande fellesskap der alle barn skal oppleve meistring, tilhøyrsle og glede. Frå hausten 2026 deltek Fyresdal barnehage i eit treårig utviklingsprosjekt i samarbeid med SNU-senteret, med fokus på hjernevennleg oppvekst. Gjennom prosjektet skal vi styrkje kompetansen vår om korleis hjernen utviklar seg, og korleis trygge relasjonar, reguleringsstøtte og gode samspel bidreg til barns trivsel, læring og utvikling. Vi ønskjer å utvikle ein felles pedagogisk praksis der vi møter barna med forståing, varme og tydelege rammer. Prosjektet gir gode moglegheiter for fagleg utvikling, refleksjon og læring i fellesskap med kollegaer.
Har du lyst til å vere med og vidareutvikle Fyresdal barnehage? Då ønskjer vi gjerne å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for utvikling og kompetanseheving i høve barnehagen som pedagogisk verksemd tilpassa det enkelte barn og barnegruppa
- Medansvar for pedagogisk planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av barnehagens oppgåver og pedagogiske innhald
- Aktivt nærvære i leik og samspel med barn i kvardagslege aktivitetar
- Medansvar for barnehagen som ei heilskapleg eining, samarbeid med kollegaer, foreldre, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- Medansvar for eit godt arbeidsmiljø i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Godkjend barnehagelærarutdanning eller anna relevant utdanning
- Svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, er eit krav. Søkjarar med norsk som andrespråk må minimum ha bestått norskprøve på nivå B2, eller kunne dokumentere tilsvarande norskkunnskapar. B2 er eit minimumskrav, og arbeidsgivar vil gjere ei sjølvstendig vurdering av om norskkunnskapane er tilstrekkelege til å utføre arbeidsoppgåvene i stillinga.
- Gode evner til å samarbeide, organisere og vere løysingsorientert
- Gode evner til å arbeide i team for barnets beste
Personlege eigenskapar
- Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
- Likar utfordringar
- Evne til å bidra med å sikre eit godt samarbeid mellom barnehage og heim
- Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du kan gjere ein forskjell for barna.
- Ein barnehage som satsar på fagleg utvikling og kompetanseheving.
- Eit fantastisk uteområde og den flotte naturen rett utanfor døra, noko som gir oss unike moglegheiter for leik, utforsking, læring og gode naturopplevingar gjennom alle årstidene.
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- Løn etter avtale
- Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen – Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
- Fyresdal kommune kan vere behjelpeleg med å finne bustad
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.
