Om stillingen
Om stillinga
Prestemarka barnehage har ledig 100 % fast stilling for barnehagelærar frå august 2026.
Prestemarka barnehage ligg på Skodje i Ålesund kommune. Med allsidig natur på alle kanter og nærhet til skule, bibliotek og idrettshall. Prestemarka barnehage er organisert i felles verksemd med fem andre barnehager, med egen styrer på kvar barnehage.
Arbeidsoppgåver
- Barnehagelærar har medansvar for å iverksette og lede det pedagogiske arbeidet på si avdeling i tråd med aktuelt lovverk.
- Barnehagelærar har medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet i si barnegruppe eller innafor dei områda ein blir sett til
Kvalifikasjonar
- For stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller midlertidig tilsett som barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV
- God IT-kunnskap og forståing.
- Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
- På grunn av samansetning i personalgruppa vert menn oppfordra til å søke.
- Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som
- Har solid kunnskap om barns utvikling og behov
- Er opptatt av barns rett til medverknad og involvering
- Evner å bidra positivt i ein levande og lærande organisasjon
- Har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
- Trivest i ein aktiv kvardag med barn.
- Er ein lagspelar.
- Er tydeleg, klok og omsorgsfull i relasjon til andre.
- Er positiv, initiativrik, engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
- Kan arbeide sjølvstendig med pedagogisk arbeid og planverk i tråd med Lov om barnehager
- Bidrar til et godt foreldresamarbeid
- Kan arbeide etter Ålesund kommune sine kjerneverdiar: Open, Engasjert og Modig.
- Personlige egenskaper vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Eit utviklande, allsidig og lærende miljø i ein barnehage nær naturen
- Barnehagen deltek i eit pedagogisk utviklingsarbeid ilag med andre kommunale og private barnehager i Ålesund kommune
- God pensjonsordning og løn etter tariff
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.
