Om stillingen
Om stillinga
Me har ledig ei fast stilling som brannkonstabel ved Knarvik stasjon. Stillinga har funksjon som tankbilsjåfør. Funksjonen kan bli endra dersom behova i organisasjonen endrar seg.
Stillinga inngår i ein vaktturnus med vakt kvar femte veke. Vaktperioden strekkjer seg frå kl. 15.30 til 08.00 på kvardagar, og frå fredag kl. 15.30 til måndag kl. 08.00 i helgene. Vaktplikta gjeld også på heilagdagar. Stillinga har ein storleik på 2,42%.
Ein må pårekne arbeid utover dette, avhengig av oppdragsmengd
Om NHBR
- Nordhordland brann og redning (NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149km2, med 34 000 innbyggjarar.
- Nordhordland brann og redning (NHBR) er organisert med tre einingar: Operativ, feiing og bustadtilsyn og førebyggjande eining.
- Operativ eining er fordelt på fem brannstasjonar – Knarvik, Lindås, Manger, Mastrevik og Modalen, og to depot på Kaland og Øvre Helland. Alle stasjonar er bemanna av brannkonstablar som jobbar deltid, og Knarvik har i tillegg dagkassernering.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, med fast vakt kvar 5. veke
- Operative oppgåver/utrykkingar
- Sjåfør på tankbil og røykdykkar
- Systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt ferdigeheitar og kompetanse
- Bidra til vedlikehald av bilar og operativt utstyr
- Bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
- Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga
Kvalifikasjonskrav
- Godkjendt røykdykkar
- Fullført og bestått NHBR sitt interne aspirantkurs
- Bestått fysisk test i samsvar med forskrift (årleg krav)
- Godkjent helsekontroll
- Politiattest – I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest før tiltreding
- Bustad maks 10 minutt frå stasjonen
- Fysisk og psykisk skikka til stillinga
- Førarkortklassar B, C og E-160 kompetansebevis for utrykkings køyring
- Mestre norsk munnleg og skriftleg
- Kandidatar med lengre avstand til stasjonen kan bli vurdert der det er moglegheit for intern rokkering av ressursar. Kandidatar som ikkje har E-160 kompetansebevis kan bli vurdert for stillinga.
Me tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsplass med samfunnsviktig funksjon
- Lønn- og tilsetjngsforhold etter lov- og avtaleverk
- Tilsett kan også bli nytta i andre funksjonar (under føresetnad av nødvendig kompetanse/opplæring)
Politiattest
I tråd med brann- og eksplosjonsvernlova § 18 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Våre forventningar til deg
- Vi ser etter deg som er motivert, pålitelig og har god rolleforståing.
- Du opptrèr roleg i stressande situasjonar og har god evne til å prioritere.
- Har forståing for risiko ved køyring, samt behovet for vedlikehald av tungbil.
- Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkjande lagspelar.
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.