Fagarbeidar, Fjone barnehage

Søknadsfrist 30. oktober 2026 Barnehage
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil du vere med og byggje verdas beste oppvekstbygd? Fjone barnehage har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2026 – 10.10.2027. I Nissedal kommune arbeider vi for at alle barn skal oppleve ein trygg, inkluderande og hjernevenleg oppvekst. Gjennom satsinga vår på «Verdas beste oppvekstbygd» ønskjer vi å skape gode arenaer for leik, læring, meistring og livsglede for alle barn og unge.

Vi søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar som vil vere med på å gi barna ein trygg og utviklande kvardag, og som ser verdien av å byggje gode relasjonar til både barn, føresette og kollegaer. Arbeidsoppgåver Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna. Leggje til rette for leik, utforsking, læring og meistring. Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø. Støtte barna si sosiale, emosjonelle og språklege utvikling. Vere ein tydeleg og trygg vaksen som byggjer gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.

Vere med på å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i samarbeid med resten av personalgruppa. Delta i fagleg utviklingsarbeid og bidra til å realisere måla i barnehagen sine lokale og overordna planverk og styringsdokument. Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg. Kandidatar med andre relevante fagbrev og/eller relevant erfaring frå arbeid med barn og unge kan bli vurderte. Førarkort klasse B Du kan kommunisere godt munnleg på norsk. Politiattest må leggast fram før tiltreding.

Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som: Har lyst til å vere ein aktiv og tilstadesverande vaksen saman med b…

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen