Fagleiar for teknisk sektor

Vanylven Søknadsfrist 30. november 2026 Plan og byggesak
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Vanylven kommune har ledig stilling som fagleiar for teknisk sektor. Vi søker etter ein samfunnsengasjert, handlekraftig og resultatorientert leiar som blir sentral i arbeidet med å utvikle kommunen. Du må ha ambisjonar om å gjennomføre nødvendige omstillingar for å sikre ei digital og berekraftig utvikling av kommunale tenester.

Fagleiar teknisk vil bli ein del av kommunedirektøren si leiargruppe og skal følgje opp politiske og administrative vedtak. Som fagleiar får du det overordna fagleg ansvaret som ligg til teknisk sektor

Teknisk sektor har totalansvar for områda veg, VAR, vedlikehald, arealplanlegging, landbruk/vilt, miljø, kart, oppmåling, prosjektering, byggjesakshandsaming og brann- og beredskap.

Som fagleiar teknisk vil du få høve til å vere med på leiing og gjennomføring av store og spennande prosjekt. Per i dag arbeider kommunen mellom anna med nytt skulebygg ved Fiskå skule samt mottak av tunnelmasse frå Stad skipstunnel. Stad skipstunnel vil skape stor utvikling av områda rundt, og for Vanylven vil det skape ringverknadar og nye spennande moglegheiter for kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å førebu, følgje opp og setje i verk politiske vedtak
  • Sakshandsaming og driftsoppgåver i sektoren, mellom anna koordinering av utlysing av investeringsprosjekt
  • Leie arbeidet med å koordinere arbeidsprosessane og utvikle dei tilsette i sektoren, både administrative og operative
  • Sikre at sektoren og organisasjonen som heilskap leverer gode tenester og når måla sine
  • Sikre samarbeid på tvers av sektorane og med brukarane av tenestene

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå
  • Leiarerfaring frå offentleg sektor med økonomi- og personalansvar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Det er ønskjeleg med

  • Erfaring frå kommunal sakshandsaming
  • VA-kompetanse
  • Erfaring frå prosjektarbeid

Personlege eigenskapar

  • God samfunnsforståing og kjennskap til politiske prosessar
  • God fagleg forståing, sjølvstendig og systematisk
  • Trygg, open og inkluderande som leiar
  • Gode samarbeids- og relasjonsevner

Personlege eigenskapar vert særleg vektlagd.

Vi tilbyr

  • Ei spennande leiarstilling med moglegheit for samfunnspåverknad
  • Variert og utfordrande arbeid i eit positivt miljø
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Nedbetaling av studielån (dersom du blir folkeregistrert i Vanylven eller ein kommune med slik ordning)
  • Tilsetjing etter gjeldande lover og reglement
  • Løn etter avtale
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen