Fast 100% sjukepleiar

Midt-Telemark Søknadsfrist 16. november 2026 Heltid · Fast Sykepleie
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Er du sjukepleiar og ønskjer å tenkje nytt? Då ønskjer vi deg med på laget!

I heimetenesta arbeider du både ute i private bustader og inne i omsorgsbustader. Heimetenesta i Midt-Telemark er organisert i tre soner: Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har vi team som arbeider målretta med «kva er viktig for deg» som pasient, innan fagområde som demens, sår, kreft, innsatsteam og sjukepleiarprosedyrar. Innsatsteamet følgjer opp pasientar som i periodar treng tettare oppfølging for å kunne meistre kvardagen mest mogleg sjølve.

Vi samarbeider på tvers av sonene, og fleire tilsette arbeider i fleire soner. Hos oss får du eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, med stor takhøgd for ulike meiningar og mykje humor i kvardagen.

Vi deltek aktivt i prosjekt som skal utvikle og styrkje tenestene våre, og vi ønskjer medarbeidarar som kjem med forslag til nye løysingar og som tør å prøve noko nytt. Avdelinga har årsturnus, der du i stor grad kan vere med på å påverke din eigen turnus.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiarprosedyrar
  • Helsetenester og oppfylging av pasientar
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med andre aktørar som lege, ergoterapeut, fysioterapeut og tenestekontor
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Førerkort klasse B

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå helseteneste
  • God kjennskap til bruk av data som verktøy jf. dokumentasjonsplikt
  • Erfaring og praktiske ferdigheter med sjukepleiarprosedyrar.

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • Interesse for å utføre sjukepleiarprosedyrar
  • Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er strukturerte og løysningsorientera
  • Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling samt tolmodige til å kunne tole psykiske og fysiske krevjande utfordringar
  • Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Du får ein dedikert mentor som kan svare på spørsmål og gje råd
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
  • Kontaktinformasjon
  • Elisabeth Josefsen-Reisjå, Avdelingsleiar, +47 99358302
  • Arbeidsstad
  • Gamleveg 46
  • 3802 Bø i Telemark
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
  • Referansenr.: 5196950771
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 16.11.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen