Om stillingen
Fast helgestilling – Habiliteringstenesta Ynskjer du fast helgestilling?
Om stillinga Alver kommune søkjer etter assistentar til fast helgestillingar til habiliteringstenesta. Vi ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller som er i utdanning innan helse-og omsorg. Om du ikkje har erfaring men interesse for faget kan du og søkje! Som tilsett hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg team med dyktige helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, assistenter, miljøterapeuter og andre fagpersonar. Saman sørger vi for at våre tenestemottakarar opplever trygge og gode dagar!
Aktuelle avdelingar
Arbeidsoppgåver Skape føreseielegheit, tryggleik og struktur Praktisk hjelp og bistand til tenestemottakarar Samarbeide med andre instansar ved behov Dokumentasjon i fagsystemet Profil Ivaretaking av kapittel 9 vedtak
Kven er du? Du er omsorgsfull og har eit ekte engasjement for å hjelpa andre. Du er påliteleg og møter opp til avtalt tid og tek ansvar for arbeidsoppgåvene dine. Du har gode kommunikasjonsevner og trivst å samarbeida med både kollegaer og tenestemottakarar Du er fleksibel og taklar endringar og ulike arbeidsoppgåver med eit positivt sinn. Du er løysingsorientert og tek initiativ når det trengst. Du har evne til å skapa tryggleik og trivsel rundt deg. Du har roleg og handterer stressande situasjonar på ein god måte.
Me tilbyr
Me er ein organisasjon i læring! Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Alver kommune
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.