Ferievikar 2027 – Bioingeniør/ bioingeniørstudentar

Ålesund Søknadsfrist 31. januar 2027 Heltid Helsefag
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande.Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Avdeling for medisinsk mikrobiologi, avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank og avdeling for patologi er tre av fem avdelingar i Klinikk for diagnostikk. Klinikken omfattar alle laboratoriefaga og radiologi, og har eit sterkt fokus på kvalitetsarbeid.

Det er behov for ferievikarar ved følgande seksjonar i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 34:

  • Medisinsk mikrobiologi Ålesund
  • Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund
  • Patologi Ålesund

Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast to til tre veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • 1., 2. eller 3. års bioingeniørstudent
  • Du må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Fagleg interessert og lærevillig
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst i ein aktiv og travel kvardag

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst

For meir informasjon om vår region, sjå her.

Kontaktinformasjon

Hilde Guttormsen, Avdelingssjef, patologi Ålesund, [email protected]

Lars Christian Fjørtoft, Seksjonsleder, mikrobiologi Ålesund, [email protected]

Camilla Jensen Pedersen, Seksjonsleder, medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5209567084

Stillingsprosent: 100%

Ferievikar

Søknadsfrist: 31.01.2027

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen