Ferievikar 2027 – Kokk/kjøkkenassistent

Ålesund Søknadsfrist 31. januar 2027 Heltid Kjøkken
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast!

Avdeling for Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) treng ferievikarar sommaren 2027.

Det er behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 26 t.o.m veke 33.

Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk
  • Relevant erfaring for assistent, det kan også kompensere for fagbrev som kokk
  • Det er ønskeleg med erfaring frå storkjøkken
  • Erfaring med IK-mat
  • Det er ønskeleg med kunnskap om spesialkost
  • Meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du tar inititativ og er ansvarleg
  • Du jobbar strukturert og held orden
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du er opptatt av å yte god service
  • Du jobbar godt både i team og aleine
  • Du taklar stress og raske endringar i arbeidskvardagen
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Trivleg arbiedsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

For meir informasjon om vår region sjå her

Kontaktinformasjon

Siri-Mette Dragsund Hoff, Seksjonsleder, [email protected]

Arbeidssted

Vestmoa 27

6018 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5209975726

Stillingsprosent: 100%

Ferievikar

Søknadsfrist: 31.01.2027

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen