Ferievikar 2027 – Sjukepleiar,  barnepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.

Volda Søknadsfrist 31. januar 2027 Heltid Sykepleie
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Klinikk Volda sjukehus treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2027. Vi treng sjukepleiarar, intensivsjukepleiarar, barnepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar og studentar innan sjukepleie, barnepleie, medisin og helsefag.

Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. 01.06.27 t.o.m. 31.08.27:

  • Kirurgisk sengepost
  • Intensiv
  • Akuttmottak
  • Føde, barsel og gyn.pol
  • Medisinsk sengepost

Informasjon til søkjaren:

Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning/bakgrunn
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Fagleg interessert og lærevillig
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst i ein aktiv og travel kvardag

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
  • 3. års sjukepleierstudentar, vil ut frå gjevne kriterium, få fordelaktige vilkår i samband med ferievikaravtalar

For meir informasjon om vår region, sjå her og her.

Kontaktinformasjon

Hedvig Tone Høydalsvik, Seksjonsleiar, Akuttmottak, [email protected]

Heide Rinn Grimstad, Seksjonsleiar, Føde, barsel og gyn.pol, [email protected]

Melkorka Vidisdottir, Seksjonsleiar, Intensiv, [email protected]

Julianne Hovden, Seksjonsleiar, Kirurgisk og ortopedisk sengepost, [email protected]

Laila Moe Winjevoll, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost, [email protected]

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1

6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5209647185

Stillingsprosent: 100%

Ferievikar

Søknadsfrist: 31.01.2027

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen