Om stillingen
Suldal Bu- og Aktivitet søkjer helsefagarbeidar/ barne- og ungdomsarbeidar til avlastingsbustad/bustad for born og unge.
Me har ledig:
- 100 % vikariat i døgnturnus frå 01.01.2027 til 31.12.2027
Om stillinga
Dei tilsette arbeider i faste team. Som team samarbeider de tett gjennom heile vakta og over fleire døgn. Turnusen er organisert med to til tre døgn på jobb etterfølgt av ei veke fri med arbeidshelg kvar fjerde helg. Gode relasjonar og samarbeid er derfor viktig både for tenestemottakar og arbeidsmiljøet.
Det er eige soverom for tilsette i bustaden, og det er lagt til rette for kvile og søvn om natta.
Arbeidsoppgåver
- Leggja til rette for aktivitet, meistring og utvikling
- Bidra til ein trygg og føreseieleg kvardag
- Samarbeida med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Dokumentasjon og oppfølging etter gjeldande rutinar
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar/barn- og ungdomsarbeidar
- Erfaring frå arbeid med born og unge med funksjonsnedsetjingar er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert tillagd stor vekt. Me ser difor etter deg som:
- Har gode samarbeidsevner og trivst med tett teamarbeid
- Byggjer gode relasjonar til tenestemottakar, pårørande og kollegaer
- Er omsorgsfull, tolmodig og løysingsorientert
- Kommuniserer ope og respektfullt med teammedarbeidar
- Er stabil, påliteleg og tek ansvar for felles oppgåver i teamet
Me tilbyr
- Ei meiningsfull stilling der du gjer ein forskjell
- Arbeid i faste team med to medarbeidarar
- Døgnturnus med gode periodar med samanhengande fritid
- Eige soverom og tilrettelagde kvileforhold under døgnvaktene
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Opplæring og fagleg støtte
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Vil du bli ein del av laget vårt? Me gler oss til å høyra frå deg!
For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Suldal Bu og Aktivitet.
Anne Egebjerg, einingsleiar 91157290
Karoline H. Nordmark , avdelingsleiar 45297073
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.