ID 2487 IKT-konsulent innan drift, informasjonssikkerheit og beredskap – IKT eininga

Stord Søknadsfrist 31. oktober 2026 Fast
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Stord kommune er avhengig av sikre og stabile digitale løysingar for å levere gode tenester til innbyggjarane. Kommunen behandlar store mengder personopplysningar innan mellom anna helse og omsorg, barnevern, PPT, skule og administrative tenester.

Det er ledig fast 100% stilling som IKT-konsulent innan drift, informasjonssikkerheit og beredskap

Støtteeining IKT har ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av kommunen si digitale plattform. Du vert del av eit erfarent IKT-team der me legg vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og felles ansvar. Du får sjølvstendige ansvarsområde, men står ikkje åleine om oppgåvene.

Arbeids- og ansvarsområde:

Delta i operativ drift, herding og handtering av driftsavbrot og sikkerheitshendingar.

Forvalte backup og gjenoppretting, gjennomføre testar og følgje opp avvik.

Vedlikehalde IKT-beredskapsplan, tiltakskort og rutinar, og gjennomføre beredskapsøvingar.

Gjennomføre og følgje opp ROS-analysar, DPIA-ar og databehandlaravtalar.

Utarbeide og halde ved like rutinar, teknisk dokumentasjon og tiltakskort.

Følgje opp leverandørar og sikkerheitskrav til skytenester.

Ønska kvalifikasjonar:

Relevant utdanning innan IKT, informasjonssikkerheit, datakommunikasjon eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.

Erfaring med IKT-drift, Microsoft 365, Entra ID og skybaserte tenester.

Kunnskap om backup, gjenoppretting, kontinuitet og IKT-beredskap.

Kjennskap til informasjonssikkerheit, personvern, ROS-analysar og DPIA.

Erfaring med leverandøroppfølging og vurdering av sikkerheitskrav er ønskjeleg.

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og praktisk, og samarbeide godt med kollegaer, fagmiljø og leverandørar.

Erfaring frå kommunal eller annan offentleg verksemd er ein fordel.

Me kan tilby:

Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

Eit godt arbeidsmiljø i eit erfarent team med samarbeid, kunnskapsdeling og felles ansvar

Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar m.m.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysingar hos einingsleiar Gisle Østrem, tlf 97552005

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen