Om stillingen
Hydro Aluminium Metal er ein leiande leverandør av pressboltar, valseblokker, støypelegeringar, tråd og aluminium med høg reinleik, med eit globalt produksjonsnettverk med rundt 6,000 tilsette. Vi har anlegg for produksjon av primærmetall i Europa, Canada, Australia, Brasil og Qatar, og gjenvinningsanlegg i Europa og USA. To tredjedeler av vår produksjon av primæraluminium er basert på fornybar energi.Hydro Årdal søkjer etter ein erfaren industrimekanikar til vedlikehald i støyperi.Kva tilbyr me?Eit godt arbeidsmiljø med høg tverrfagleg kompetanseVarierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utviklingEin arbeidskvardag kor din tryggleik er høgste prioritetKva skal du gjere?I stillingen vil du ha teknisk ansvar for mekanisk utstyr, og støtte eininga innan fagområdet.Dette inneber blant anna:Bidra til eit aktivt og forebyggjande HMS-arbeidInitiere modifikasjonar og forbetringarPlanlegge og utføre vedlikehald og inspeksjonarBidra til å utvikle og optimalisere produksjonsutstyrHalde deg faglig oppdatert, dele kunnskap og erfaringar i organisasjonenStøtte drifts- og vedlikehaldsmiljøet med fagkompetanse, samt delta i forbetringsarbeidKva vil bidra til mestring i stillinga?Fagbrev innan industrimekanikarfagetErfaring som industrimekaniker frå prosess- eller industrianleggErfaring innan plate- og sveisearbeid er ein fordelForståing for teknisk dokumentasjonTrivast med å arbeide med digitale verktøyBilsertifikat klasse BBeherske norsk; både munnleg og skriftleg Me ser etter deg som er initiativrik og gjerne kreativ, og som likar ei fagleg utfordring. Du er grundig og systematisk i arbeidet ditt, og jobbar like godt saman med andre som åleine, for å finne gode løysingar. Du er oppteken av tryggleik, både for deg sjølv og andre. Stillinga er på dagtid og rapporterer til områdeleiar vedlikehald støyperi. Stillinga inngår i vaktordning.TilleggsinformasjonHelse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse. Vi aksepterer kun elektroniske søknadar. Søknadar vert ikkje tekne imot på e-post.Like mogelegheiterI vårt selskap meiner vi at mangfald gjer oss sterkare. Vi ønskjer ulike erfaringar og perspektiv velkomne, og inviterer alle kvalifiserte til å søkje. Vi vurderer kvar søknad rettferdig, og strekker oss etter å gje like mogelegheiter for alle til å vakse og lykkast i Hydro.Søknadsfrist: 22.10.2026Viss du har spørsmål kan du kontakte:LeiarOle Kristian ØrenOle.Kristian.Oren@hydro.com(Norway +47) 41750685RekruttererBerit ÅkreBerit.Akre@hydro.com(Norway +47) 92227339
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.