Julenisse

Fedje Søknadsfrist 22. november 2026 Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Julenisse Landsbyen i havet søker

Om stillinga

Arbeidsoppgåver Som julenisse i kommunen vil dei viktigaste oppgåvene dine vere å: Delta på julegateopninga 1. desember. Bidra til god stemning på kommunalt julebord 5. desember. Skape hyggelege juleaugeblink for bebuarar og tilsette på sjukeheimen 11. desember. Spreie ekte julestemning og glede blant store og små. Helse på folk, slå av ein prat og stille opp på bilete. Sørge for at ingen går heim utan eit smil (eller i det minste litt julestemning). Halde oversikt over sekken, skjegget og eventuelle reinsdyr.

Vi søker deg som Har eit stort hjarte for jula og menneska rundt deg. Er blid, utadvend og har godt humør. Har tolmod med både små og store forventningsfulle menneske. Er komfortabel med å vere midtpunkt og toler ein selfie eller to. Har god uthaldsevne – nissedrakta kan bli varm, og køane til nissen kan bli lange. Har evne til å improvisere dersom nokon spør om dei får alle ønska sine oppfylte. Gjerne har erfaring frå nisseyrket, men dette er ikkje eit krav. Opplæring i «Ho-ho-ho» vil bli gitt ved behov.

Vi tilbyr Eit meiningsfylt og samfunnsnyttig oppdrag. Moglegheita til å spreie glede og skape gode juleminner. Eit hyggeleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. Løn etter kommunal nissetariff: Fri tilgang på kakao, gløgg og småkaker! Ei unik moglegheit til å sette spor etter deg – helst ikkje i form av snøsmelting på golvet.

Praktisk informasjon Vi søker ein julenisse som kan stille på følgande datoar: 1. desember: Julegateopning på Fedje sjukeheim klokka 17:00 5. desember: Kommunalt julebord i Fleirbrukshallen 11. desember: Julebord på Fedje sjukeheim Send gjerne søknad med bilete av skjegg (ekte eller kunstig). Vi oppmodar både erfarne nissar og lovande nykommarar til å søke! Ho-ho-håpar vi høyrer frå deg! 🎄

Fedje – landsbyen i havet!

Om oss

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen