Kokk til original thai mat i matvogn i Eidfjord Sentrum

Eidfjord Søknadsfrist 25. oktober 2026 Sesong Kjøkken
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vi søker inntil 5 kokker, som kan koke original thai mat, i matvogn(food truck), i Eidfjord sentrum. Sesongarbeider – inntil 6 mnd. arbeidsavtale.

Vi koker og serverer original thai mat – street food. Du må kunne thai mat, med dei forskjellige smakane og kryddera. Utover det får du opplæring i korleis våre rettar skal smake, slik at dei smaker likt – uansett kven som lager dei.

Du må vere fleksibel, då det vert litt skift, og helgejobbing.

Hovedoppgåva består i koking av thai mat. Men du må også i forkant vere med på forberedelsar som kutting av grønnsaker, skjæring av kjøtt osv. Daglig reinhold i vogna er også blant arbeidsoppgåvene. Betjening av kunder og kasse må påregnes.

Det som er viktig er at du kan koke original thai street food, er systematisk – og ser kva som skal gjerast – i forkant. Det er og til tider stort arbeidspress, og det er viktig og vera hurtig, ha god orden – same ting på same plass – så ein slepp leita etter ting, legga plan – forbereda – både for seinare same dag – og sjå kva vi treng for morgondagen – og vidare. Ha kontroll på varelager.

Med andre ord – arbeide sjølvstendig.

Det vil bli foreteke samtale/interjuv før ein evt. ansettelse.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen