Koordinator for personar med funksjonsnedsetjing

Søknadsfrist 21. oktober 2026 Økonomi og administrasjon
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir. Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.

Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn. Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.

Me søkjer no etter koordinator for personar med funksjonsnedsetjing i 100 % fast stilling. Bu- og miljøtenesta yter heildøgns omsorg og tenester til personar med funksjonsnedsetjing, psykiske lidingar og/eller rusutfordringar. Tenestene vert tilpassa den einskilde sine behov og vert gitt i heimen, på arbeidsplassen og i fritida. Målet er å fremje meistring, sjølvstende og deltaking i kvardagslivet.

Me ser etter deg som: trivst med å jobbe sjølvstendig har gode samarbeidsevner arbeidar målretta, systematisk og strukturert har gode norskkunnkaper og god skriftleg framstillingsevne Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga: leiar for koordinerande eining koordinatoransvar for born, vaksne og el…

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen