Om stillingen
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program. Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring.
Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet. Vi søkjer etter ein lærar i sal, service og reiseliv i inntil 100% vikariat, frå 25.10.26 til 31.07.27. Stillingstørrelse avtalast nærmare. Arbeidsoppgåver Undervisning innan programområdet Sal, service og reiseliv Vg1, Vg2 Kurs og vaksenopplæring kan bli aktuelt. Praktisk og teoretisk undervisning. Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter.
Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing. Halde seg informert om utvikling i bransjen. Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar. Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få læreplass. Kvalifikasjonar Fagbrev og arbeidserfaring i eit eller fleire av faga i programområdet. Alternativt høgare utdanning innan sal eller reiseliv. 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og prakti…
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.