Ledig stilling i Helse og omsorg

Aukra Søknadsfrist 21. november 2026 Heltid · Fast Helse og omsorg
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Ønskjer du ein spennande kvardag med nye utffordringar som skal løysast i samarbeid med fagleg dyktitige medarbeidarar? Heimesjukepleia i Aukra kommune søkjer sjukepleiarar

Aukra kommune er ein liten øykommune med 3800 innbyggjarar. Kommunen ligg omlag 25 minutt frå Molde. Kommunen består både av øy og fastland, og basen til heimesjukepleia er på øya. Det tek 10 minutt med ferge for å komme til fastlandet, og ferga er gratis. Aukra kommune har nye skolar, barnehagar og omsorgssenter. Aukra Omsorgssenter sto ferdig bygd i 2018, og bygget er nytt og tilrettelagt. Kommunen fekk nytt kulturhus i 2022, og der er det stor aktivitet.

Kommunen har eit rikt kulturliv, og det er gode moglegheiter til aktiv fritid og friluftsliv.

Om stillinga

Stillinga er plassert i heimesjukepleie. Arbeidskvardagen er variert med ulike sjukepleiarfaglege oppgåver, og med fokus på pasientsikkerheit. Institusjonstenesta og heimesjukepleie held til i Aukra Omsorgssenter, og saman driftar sjukepleiarane legevakt på ettermiddag, kveld og helg. Som tilsett sjukepleiar vil du vere med på den daglege drifta av legevakt. Vi har eit tett samarbeid med institusjonsteneste når det gjeld bruk av sjukepleiefagleg kompetanse, og vi arbeider på tvers av einingane ved behov.

Stillinga er plassert i turnus. Vi kan legge til rette for alternative turnusordningar med langvakt til den som måtte ønskje det,så lenge drifta tillet det.

Kven søkjer vi Vi søkjer deg som er autoriset sjukepleiar. Du må vere ein sjukepleiar som likar å arbeide i team, og som ikkje er redd for å ta ansvar og finne gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må ha evne til å arbeide systematisk og sette deg inn i nye arbeidsmåtar. For å møte dei demografiske utfordringane nyttar tenesta velferdsteknologi, og omstiller tenestene ved å ta i bruk løysingar som gjer tenestene meir funksjonell og robust for framtida.

Det er ein fordel om du har spesialkomeptane på eit område som til dømes velferdsteknologi, sårstell, palliasjon, diabetes, geriatri m.m. Du må ha høg gjennomføringsevne og evne til å planlegge arbeidsdagen din på ein strukturert måte.

Andre kvalifikasjonar • Minimum bachelorutdanning og autorisasjon • God kompetanse på relasjonsbygging og kommunikasjon • Du må beherske norsk, både munnleg og skriftleg • Du har god evne til å rettleie brukarar, tilsette og studentar • Personelg eigna • Førarkort kl B

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med motiverte og dyktige tilsette • Ein arbeidsplass med ambisjonar om å halde eit høgt fagleg nivå og ha kvalitet på tenestene • Ein spennande arbeidskvardag med varierte og utfordrande kliniske arbeidsoppgåver • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Startløn minimum 8 års ansiennitet etter HTA
  • Stabilitetstillegg
  • Ei eining med fokus på nye løysingar og velferdsteknologi • Nye og fine arbeidslokaler • Gode moglegheiter for personelg utvikling • Stønad til vidare- og etterutdanning gjennom kommunen sitt utdanningsfond/kompetanseplan • Som nytilsett får du grundig opplæring og god oppfølging av kollegaer og avdelingsleiar

Aukra kommune ligg i sone 5 og kjem inn under ny ordning med sletting av studielån med opptil kr. 25.000,- pr. år i 3 år, når ein er folkeregistrert og buusett i kommunen i minimum 12 månader.

Særskilte krav Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkjarliste Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Om du har spørsmål knytt til stilling eller turnusordningar ta kontakt med einingsleiar Nina Tomren eller avdelingsleiar Malene Lillebostad

Link til søknadsskjema: Søk her

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen