Om stillingen
Det er ledig 100 % vikariat for lærar på barnetrinnet frå og med snarast til og med 31.07.2027
Sand skule har om lag 285 elevar fordelt på 13 klassar frå 1.-10. trinn.
Visjonen til skulen er å skapa ein stad for læring med tydelege vaksne, god struktur og trygge elevar som blir rusta for livet.
Oppdraget er å utvikla robuste barn og unge som inkluderer alle, gjennom å styrka medvit og mot.
Arbeidsoppgåver
- Me søkjer etter lærarar på barnetrinnet med kompetanse innan norsk, matematikk og spesialpedagogikk.
- Andre oppgåver i tråd med eininga sine behov.
Kvalifikasjonar
- Godkjend undervisningskompetanse for grunnskulen, men andre med relevant kompetanse kan òg søkja.
Personlege eigenskapar
- vera ein relasjonsbasert klasseleiar som viser retning og veg for eleven, fagleg og sosialt.
- vera ein aktiv deltakar i det profesjonsfaglege fellesskapet.
- vera ein lagspelar i skulen, med føresette og med andre samarbeidsinstansar utanfor skulen.
- er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag for ein skule i kontinuerleg utvikling.
- har gode munnlege og skriftlege ferdigheiter.
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- Bedriftshelseteneste
- Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje.
- Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.