Om stillingen
Vil du vere med å forme framtida i Midt-Telemark? Då håpar vi å høyre frå deg!
Midt-Telemark kommune er ein kommune i vekst med stor aktivitet innan bygg, arealforvaltning og samfunnsutvikling. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert leiar til eit viktig fagområde i kommunen.
Som leiar for plan, bygg, oppmåling og miljø får du ei sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunnet. Du vil leie eit fagmiljø med ansvar for reguleringsplanar, byggesaker, oppmåling og saker etter forureiningslova. Gjennom arbeidet ditt er du med på å leggje til rette for gode og framtidsretta løysingar for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn.
Eininga består i dag av åtte dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som leiar har du ansvar for fagleg kvalitet, økonomi og personal, og du vil vere ein viktig samarbeidspartnar både internt i kommunen og overfor innbyggjarar, utbyggjarar og andre aktørar.
Vi ser etter deg som trivst med leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, og som ønskjer å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø og gode tenester.
Arbeidsoppgåver
- Leie eininga
- Ivareta kvaliteten og følge opp sakshandsaming
- Være pådrivar og delta i samfunnsutviklinga i Midt-Telemark
- Delta i kommunalsjefen si leiargruppe
- Delta i kommunalt planarbeid
- Delta i politiske møter
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjoner:
- Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå
- Leiarutdanning eller relevant leiarerfaring
- God og oppdatert kunnskap om plan- og bygningslova
- God økonomi- og budsjettforståing
Ønska kompetanse
- Arbeidserfaring innan fagområda
- Søkjar bør kunne meistre begge målformer
Personlege eigenskapar
- Vi søker deg som brenn for samfunns og arealplanlegging
- Du må være opptatt av ei ryddig og effektiv saksbehandling
- Evne til å bygge relasjonar gjennom involvering og medverknad
- Uttrykke tydelege forventningar, gje støtte, utvikle og inspirere medarbeidarar
- Evne til å arbeide målretta og systematisk
Personlege egenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Hyggelege, motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter avtale
- Introduksjonsprogram for nye ledere i Midt-Telemark kommune
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
- Kontaktinformasjon
- Hans Kortner Ryen, Kommunalsjef Teknisk, +47 91339201
- Arbeidsstad
- Gullbringvegen 20
- 3800 BØ I TELEMARK
- Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
- Referansenr.: 5189705311
- Stillingsprosent: 100%
- Fast
- Søknadsfrist: 28.10.2026
Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.