Matros til hurtigbåtane Bergen – Nordfjord – Sogn

Bergen Søknadsfrist 9. desember 2026 Heltid · Fast Sjøfart og luftfart
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vi i Fjord1 er både stolte og glade over å få hurtigbåtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn tilbake til oss.

I samband med oppstart av ny kontrakt søker vi no etter ein matros som vil bli ein del av mannskapet om bord på hurtigbåtane på desse rutene.

Turnus er 1 veke på jobb og 2 veker fri – perfekt for deg som ønsker ein god balanse mellom jobb og fritid. Du kan reise heim etter endt vakt, men vi tilbyr også hybel i arbeidsperioden for dei som ønsker dette.

På denne ruta får du oppleve noko av dei flottaste områda og naturen Vestlandet har å by på, samtidig som du blir ein del av eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.

Vi tek over drifta av ruta 1.desember.

Vi tilset fortløpande. Oppstartstidspunkt blir avtalt nærare.

Arbeidsoppgåver

Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen for den aktuelle rolla.

Kvalifikasjonar

  • Ferdighetsertifikat matros
  • Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhåndteringskurs
  • Gyldig helseattest

Fjord1 dekker manglande krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, ansvarsbevisst og løysingsorientert. Du har gode samarbeidsevner, kommuniserer godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Samtidig tek du ansvar, arbeider sjølvstendig og har fokus på tryggleik og kvalitet.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst.
  • Turnus: 1 veke på og 2 veker fri. Ein periode med 2 veker på og 4 veker fri om sommaren.
  • Hybelordning i arbeidsperioden.
  • Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningsstøtte og gode rabattordnigar.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected]

Arbeidssted

Strandkaien 15

5013 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 – Maritim Drift

Referansenr.: 5215228986

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 09.12.2026

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen