Medarbeidar – helse og skule

Fjord Søknadsfrist 15. november 2026 Heltid · Fast Andre stillinger
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Vi søker medarbeidar i 100% stilling til ein glad og positiv gut på 14 år. Arbeidsstad er Stordal. Stillinga er i hovudsak i skuletida, der du er med for å gjere kvardagen hans lettare ilag med miljøterapeut. Delar av stillinga blir i habiliteringstenesta.

Er du på utkik etter ein variert og kjekk kvardag? Ser du på deg sjølv som ein omsorgsfull, initiativrik og leiken person? Vi ser etter deg som er ansvarleg, empatisk, tålmodig, punktleg, open og god på kommunikasjon. Er du i tillegg lærevillig, kreativ, har glimt i auget og er glad i aktivitet, kan det vere akkurat DEG vi ser etter! Helsefagleg bakgrunn vil vere eit pluss.

Du vil få god opplæring i alt du treng å vete. Ikkje nøl med å sende ein søknad eller ta kontakt med oss for meir informasjon!

Oppstart: Snarast

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere stell og personleg pleie, påkledning, mating, følge på skule, bruk av kommunikasjonshjelpemiddel, vise omsorg og ta ansvar. På dagar der han ikkje er i form til å gå på skule gje oppfølging i heimen. Stillinga inneber ingen arbeid på helg.

Kvalifikasjonar

  • Beherske godt norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring og interesse for arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne – gjerne helsefagleg bakgrunn
  • Politiattest av ny dato blir krevd framlagt
  • Personar som utdannar seg oppfordrast til å søkje på stillinga
  • Bilsertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar som beskreve over vert vektlagt
  • Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar
  • Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Er serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • God opplæring
  • God pensjonsordningi KLP
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Tilsett som Assistent/Pleiemedarbeidar om ikkje anna vert avklart
  • Kontaktinformasjon
  • Anna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, 41867990
  • Arbeidsstad
  • Stordalsvegen 669
  • 6250 Stordal
  • Nøkkelinformasjon:
  • Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
  • Referansenr.: 5201842473
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 15.11.2026
Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen