Medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud- hals

Søknadsfrist 30. november 2026 Lege og medisin
Søk på stillingen ↗Åpnes hos arbeidsgiver eller original kilde.

Om stillingen

Om stillinga

Bemanningssenteret har ein stor gruppe med helsepersonell tilsett, våre tilsette jobbar ved ulike avdelingar på sjukehuset. Vi søker etter medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud-hals, Øyre-nase-halsavedlinga. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret i Helse Bergen, men vil gå vakter ved Øyre-nase-halsavedlinga

Arbeidstid: torsdagar frå kl 16:00 til 20:00 ved behov.

Øyre-nase-hals poliklinikken betener ei svært variert pasientgruppe. Vårt fag inkluderer mange av dei vanlegaste helseplager som finst ute i samfunnet. Det kan vere alt frå biholeplagar, mandlar og polyppar til snorking, håse stemmer, kremting og hoste. Mange har erfart plagar med svimmelheit, øyresus, allergi og tørr munn, eller naseblødingar, skadar og klumpar i hovud-/halsområdet. Dette greier vi ut.

Hovudoppgåva vil vere preoperativ klargjering av barn som ventar på operasjon ved Øyre-nase-halsavdelinga. Arbeidet vil i hovudsak bestå av telefonkonsultasjonar med føresette/pasient, gjennomgang av sjukehistorie og aktuell indikasjon for operasjon, samt informasjon om inngrepet og praktiske forhold før operasjon, mellom anna fastereglar og medikamentbruk.

Arbeidsoppgåver

  • Telefonkonsultasjonar med føresette/pasient
  • Preoperativ klargjering av barn som ventar på operasjon gjennom telefonkonsultasjon med føresette
  • gjennomgang av sjukehistorie og av nødvendig informasjon før operasjon
  • Ein blir tilkalla ved behov

Kvalifikasjonar

  • Inneha godkjend studentlisens eller legelisens registrert hos helsepersonellregisteret
  • Må vere under relevant medisinsk utdanning
  • Ha grunnleggande IKT-kompetanse og kunnskap om EPJ og andre fagsystem
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Engasjert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Klar til å søke?

Du sendes videre til arbeidsgiver eller original kilde.

Søk på stillingen ↗
Frist
Søk på stillingen
Design og utvikling avseoweb.Datadrevet digitalbyrå i Bergen